fredag 31. mai 2013

17 mai er TOPP!

 


Så var det 17 mai, eg ELSKA 17 mai! For de som synest 17mai berre er slit og mas- skjerp dåkke! De greie nok å forsøke og gjere en innsats ein dag i året (sinteHege).

Vi stakk inn til Rygg for å delta i toget der. Litt for at ungane skulle få delta med barnehagen sin, men mest for at eg skulle få høyre ekte korpsmusikk på dagen (det ekje tull). Korpset hadde heile tre melodiar på repetoaret.
Vi traska i takt med desse tre låtane til vi hadde høyrt dei eit par gongar, så vende vi nasa heim til Øyra

For det venta eit tog på oss der og.

Her har dei korpsmusikk i barnevogn, og staselege drillpiker som ledar an det fine toget vårt.

Vi går oss ei lita runde og får høyre 17 mai dynamitt- salutten til onkel Gustav også er det duka for rømegraut på skulehuset.

Denne gongen var det også offisiell opning av den nye trappa mellom etasjane på skulehuset, kjempestas!

Min elskede, han i midten.

Folk et og maskar i seg graut,

inkludert Othelia.

Så er det klart or springing på tid, skyting, natursti, pilkast, iseting og leik.





Før det heile endar i premieutdeling og program inne. I år hadde komiteen virkeleg lagt seg i selen og laga skikkeleg god underhaldning, inkludert ein 'Harlem Shake' versjon. Priceless!

Så var den dagen nesten ferdig, vi avslutta med svigers der dei duka opp med koldtbord til slekta. Blir ikkje betre!

1 kommentar:

Breimsbesta! sa...

Heilt enig med deg Hege,vi må kle oss opp og feire bursdagen til NOREG!!