torsdag 4. juli 2013

Othelia Simone 2 år!!



Idag er altså denne supre jenta heile to år blitt. Og eg kjenne at eg kanskje har notert litt lite i Otheliaboka mi i det siste, for her går det unda med utviklinga. Bestemt jente er det iallefall, som veit å gi beskjed visst ho ikkje er heilt enige. Praten går i eit, og prata ho ikkje så synge ho. Smilet er aldri langt unda, og ho er og blir ei ekte fantehit!


Dagen vart feira i helga sidan pappaen måtte ein tur ut på Draupner før dagen var der. Kleivarane og Kringsjåarane tok turen for å feire minstejenta. Johanna var pedagogisk pakkeopnarhjelp.


Ein hoppehund er til for å ligge på.



Hopp hopp hopp!!!


Så var det duka for ein liten lunsjbuffè, god stemning ser de..


Ikkje alle var like interesserte i lunsjen, non stop derimot..

Men endeleg var det duka for song og lysutblåsing..


hmmmm..

"litt masse oppmerksomhet her no mamma..tørr eg?"


Jaaaaa!

Så proppa vi i oss ei langpanne pavlova kake, hadde bildeframsynig, såg 'Slækk' som Johanna lika å kalle den (Shrek) og tok ein quiz. Fin dag, fin gjeng, fornøgd jubilant!


3 kommentarer:

Anonym sa...

Gjestane var fornøgde òg, iallfall bestisane på Kringsjå - fin gjebusse og herleg bursdagsbarn!
Pavlovaen var kjempegod og sjokoladeskuta kjempeflott: Othelia for fulle segl!!

Siv Anita sa...

For nokre fine jenter dåke har :)

Breimsbesta! sa...

Kjempeflott bursdag,skulle likt å vore dar,men vi får ta det igjen når vi kjem heim!Har lovt Susann å feire henne når dei kjem,då får dei feire ilag!