Eg som trudde dette skulle gå stille forbi..jaja- Såklart eg skulle ha ein liten fest og feire litt, men eg hadde ikkje rekna med mediadekning på at eg vart 30 år og har ein skokk med galne arbeidskollegaer! Det starta i oppkøyrsla til hovudvegen heimafrå, der stod plakaten på ein staur. Eg tok meg to minutt og tenkte at 'dette skal eg fikse, eg tar ned dei plakatane dei har fått opp'..stappa staurplakaten i bagasjerommet og køyrde vidare. Så kom eg til Rygg, der var nok ein plakat. Så kom eg til Sandane, der var det PEPPRA med plakatar. I dette øyeblikket hadde eg gitt opp, eg måtte jo på jobb!
Hege klappar febrilsk som ein pingvin og er veldig fornøgd med arbeidkollegane sine.
Nokre frå bidrag frå det 'falske nyhetsbrevet', som dei og hadde fått falske kundar til å ringe inn til meg på! Måtte jo berre tru på det til slutt då...
Når eg hadde fått kake, video frå kjendisar, Birger Meland hadde vore innom og ikkje minst, ein tur med sjølvaste Isbilen så var 'arbeidsdagen' ferdig. Og det var jamment eg og.
Dagen derpå var det Festlegare hatt fest, her let eg bilda tale for seg sjølv. Takk for ein aldeles overveldande gjebuss!








2 kommentarer:
Haha-hihi-hoho!
Å so stas å få slik oppmerksomhet på jebussen sin :) Og veldig kjekt å lese om det, her og der ;)
Legg inn en kommentar