Endeleg! Idag har vi fått igjen internett etter vår kjære Dagmars herjingar, og då må ein gjere stas på halvtåringen vår. Othelia er 9650gram og 68 cm rein lykke, ho er blid dagen lang og dei få gongane ho kanskje er litt misfornøgd så er ho igrunnen blid då og! Ho blir fortsatt fullamma, vi må vel prøve oss på litt graut en vakker dag. Men ho har i det minste smakt litt krem, is og rømegraut og då er det like før ho ete heile skeia. Ho søv ifrå ca. 21 til 7-8 tida, søv ikkje fullt så mykje på dagtid. Ho likar godt å rulle seg opp i briobana eller duploen til systra, leike gjemsel (dreg teppet sitt over haudet og ligg å flira) også er vi sikre på at ho seie; "pahpahpah" og "mamaamamaa".

1 kommentar:
Terningkast 6 for ei flot gulljente
Legg inn en kommentar