tysdag 27. desember 2011

Orkanherjingar

Var ein tur på Øyra igår. Orkan dagen før. Blåste hardt. Såg dette på vegen ut.



Heldigvis er det ikkje her vi får vår plank høvla. På Sandane var det og blitt herja litt. Tok dette tidlegare idag.

Kom på Øyra, såg det var herja litt der og. Mange hadde fått slete av litt takheller, dører og ymse.


Korleis vegen på Hestenes er lettare maltraktert.


Uffda. Likare stod det ikkje til med dampskipskaia.




Ajaj.Uværet hadde lagt dekket opp på muren litt, og laga seg nåken hol. På vår eiga kai var like godt heile dekket skylt vekk.




Men det var ikkje reist langt avgårde, det hadde lagt seg fint oppe i hagen mellom elta og stillaset. Som de ser vart gjerdet til naboen og godt knøfla i brisen. Legg like godt ut ein video.





Ingen kommentarer: