torsdag 22. desember 2011

Ymse


Vi har funne fram minikjevla og baka litt til jul, aniskringler for eksempel.





Sushi baka vi ikkje, men fattern kom heim med salmalaks her hinn dagen og lurte på om ikkje dette var slik vi laga "susi" av. "Joda!" sa eg, "skal eg lage til dåkke?". Så då vart det sushikveld på heile gjengen. det var vellykka, sjølvom eg trur muttra ville nukk like eit par poteter attåt og fattern litt ekstra saus av eit slag. Men det var betre enn taco.






Så tok Jan Egil sin første fridag på eit par månadar. Så då baka vi pepparkakehus, det einaste vi hadde igjen av deig er det de ser på bildet ovanfor. Så det vart minipepparkakehus.



Deretter gjekk vi ut i nysnøven og laga snømann, snøcowboy og snølykter.



Mor og far meinte på at dette var mykje finare enn Stig Eikaas sin skulpturpark.



Og slik ser ein langhåra collie ut når ho kjem innatt frå leik i kram snø.



Slik såg pepparkakehusa ut etter ein omgang med pynting/eting frå Johanna.




Og slik ser Johanna ut når ho øvar seg på pottesitting, og det har gått skit opptil fleire gongar! Juhuu!




1 kommentar:

Anonym sa...

Første fridag på månadsvis - og så husbygging!!! Jammen bra det var i såpass beskjeden målestokk!