fredag 13. januar 2012

Eit ekstremt langt innlegg om jula 2011


Ja! Etter pynting av juletre på velkjejulafta, pittelitt Askepott, julelunsj på Øyra og nissebesøk på lada så var det endeleg duka for den O'store julafta. Her har besten og Othelia kome i penstasen.




Besta tok turen og feira ilag med oss dette året. Ribba smakte nydeleg som vanleg, synest kanskje at den eldre garde kunne ha holdt meg og Jan Egil med selskap den siste halvtimen vi sat og åt. De får legge dåkke i selen til neste år folkens!


Juletregong er obligatorisk, Johanna song av full hals.



Øyrabesten og besten har merka seg at vi treng eit hus og hadde like godt smelt til med eit til Johanna. Årets bomkjøp var ifrå foreldra sjøl. Den kyra i bakgrunnen er det berre eg som blir beordra til å hoppe på.


Othelia og såg lyset ila av kvelden.


1 juledag var det mykje leik og moro med nyeleikane, i tillegg til å øve litt på å komme seg over på magen.





Så rakk vi akkurat å ete tutakling, før Dagmar stakk avgårde med straum mobilnett, telenett, internett....og ja;



bensinloket vårt!



Men vi skal ikkje klage, vi hadde vedaovn, lommelykt, primus, bensin, vei å køyre på (!), ein radio med batteri og ikkje minst scrabble. Men etter to kveldar med scrabble var søte frøken Felulah byrja å bli rimeleg muggen. Så det var veldig kjærkomment når straumen kom tilbake 3 dag.




Då var det berre å førebu seg på nyttårsfering på Kringsjå, nyttårslunsj blir fortært her.



Eg hadde handla litt brisekjetter til Johanna, trudde ho kom til å synest det var skummelt men dette falt virkeleg i smak.



Far og dotter ventar på ribba.



Johanna kommanderar på tanta.



Jippi!! Heile gjengen samla til etegilde.




Ventetida fram til kl 24 og oppfyring av fleirfoldige tusen slo vi ihel med ein hjemmetquiz, litt leik, enda litt meir Mikke Mus film og fantastisk felekonsert av Christense, Kornelius og Jan Egil.





Johanna var i storslag heile kvelden, ho ville lalle puta fem på tolv. Men då fekk ho ikkje lov! Det angrar vi ikkje på, for ho elska rakettane, ikkje skummelt i det heile. "Går det aaaaan!!?" og "Fiiiin!" sa ho. Så var det plutseleg 2012. Godt nyttår folkens!




Ingen kommentarer: