onsdag 27. juli 2011

Badenymfene 2


Åtvaring; Dette er eit innlegg med mykje nakenheit. Men takla de gravidbilder av meg så skal de nukk stå i dette og.



Her hinn dagen når det faktisk var fint veir så fann eg ut at Johanna kan få bade ute! Eg henta bassenget, fekk nytta mine rustne saksofonblåselunger til å blåse liv i det og henta X- antall bytter med lunka vatn. Heile prosessen var Johanna med på med stor interesse.



Men når vi kom til det vesentlege som faktisk er å bade i dette utebassenget så sette ho seg på bakbeina. Det vart hyl og skrik når eg sette ho oppi laugarkaret og ho klamra seg til meg som ein apekatt. Eg måtte rett og slett gje opp. (Eg kunne ikkje akkurat sette meg oppi bassenget og lokke med ein 2 vekers gammal baby på armen heller.)




Då var det godt at pappaen kom heim mens det fortsatt var ein lunk i vatnet. Etter eit lite kvarter var jenta lokka oppi karet. Og ser ein på første bildet så ser det ikkje ut som faren hadde noko varige mèn av badinga heller! Jammen godt at vi har denne gode pappaen her :)


Ingen kommentarer: