No i sumarferien til Johanna merka eg både på meg sjølv og på jenta vår at hagen og nærmiljøet på Reedsvingen var ferdig utforska. Difor slengde vi oss med på camping/hyttetur til Aurland med besta og besten. Jan Egil får ikkje noko ferie, han likar betre å vere heime å lage reir....hoho!
Etter det eg hugsar så har eg aldri stogga i Aurland tidlegare, så på fredagen tok vi oss ei siktsyning. Første stogg var utsikten ovanfor Aurland.
Så køyrde vi inn til Flåm, der fekk eg handla ferietursouvenir til Jan Egil - Øl frå Ægir Bryggerier. Også fekk vi jamment det sett Flåmsbana og!
Når vi kom tilbake til campingen var broder Bjørn med familie ankomt. Johanna synest det var kjekt med selskap av Thea og Martine.

På laurdags morgonen diska besten opp med vaffler til frukost...
mens bestemora fekk seg ein overhaling i "Johanna, Thea og Martine's Skjønnhetssalong". Denne skjønnhetssalongen har sett sine spor hos Johanna, no skal ho ha eit ord med i bildet når vi vel klede om morgonen (helst kjole), og eg måtte til å leite opp dei einaste klemmene vi har i huset. Griseøyreklemmer! Takk for ein fin ferietur besta og besten!







1 kommentar:
Synes Gunn kledde den frisyren veldig godt! Kjekt med camping, spesielt når man er i godt selskap!
Legg inn en kommentar