Jan Egil sette igong med kjøkkenmontering i forje veke, og innen veka var over var han ferdig med det meste. Då byrja han å legge lydtrinnsplate på stove/kjøkkengolv.
Og sidan dei marokkanske flisene våra var kome i hus, kunne vi få fliseleggaren vår på eit nytt besøk.
Mor og far min fann ut at dei skulle ta seg ein Øvregaard- visitt, dermed inviterte Øyrabesta på sengjamatrømegraut med tilbehør.
Heile gjengen samla til eit nydeleg måltid. Og såklart måtte Othelia smake på grauten sin, det same fekk systa gjere når ho var heilt ny....
...og det ser ut til at ho er blitt heilt normal. Lampeskjerm på hovud og DVD på tå, alt må prøvast ut!
På søndagen - kviledagen til Jan Egil - var det utruleg nukk fineveir! Då samla Kleivarane, Kringsjåarane og Øvregaardarane seg på Hestenesstøylen. Othelia fekk sin første fjelltur (riktignok via bil), og Johanna fekk virkeleg smaken på å bade. Jenta er redd for å bade i minibasseng i hagen, men støylsvatnet vassa ho rett uti!
Så når vi kom nedatt såg badet vårt slik ut, ferdig fliselagt å fuga og alldeles nydeleg!!
Og ved å jobbe til klokka var 21.00 idag så vart Jan Egil ferdig med å legge lydtrinnsplater på golvet, desse platene skal vi vidare legge vassrør i til vassbåren varme. No ser det faktisk ut som vi kan flytte inn snart!











1 kommentar:
Nå går det fort fremover i huset altså! Og det blir kjempefint, Hege!! Ser ut som om de hadde en knallfin tur opp på støylen!
Legg inn en kommentar