Eg har sydd eit lappeteppe! Vi må passe på å ta litt uklare bilder av det så de ikkje ser alle snarvegar eg har tatt med kantband/ skeive saumar osv. Teppet er fyllt med to lag tjukk og god filt så det skal vere godt å ligge på. I tillegg har eg sydd inn nokre hempar med pynteband slik at minstetuppsa kan han noko å pirke på når ho finn ut av det. Othelia har forresten vore på sin første kontroll, og alt står bra til med smilejenta. Godt matvet har ho også, sia ho har gått frå 4040gr til 4375gr på ei veke.


2 kommentarer:
heo på deg! jamment er Othelia no litt like på Johanna;) er vel ikkje so rart sidan de har brukt same opskrifta;)
Hei
Gratulerer så mykje med veslejente nr 2. Håpar alt står bra til. Marie har tråla alle butikkane i Danmark og i Oslo på jakt etter presang. Og "Johanna må jo få ein og." Og eg har høyrt; "å den passa sikkert, og den var fin,og den og den......"
Legg inn en kommentar