I det siste har eg faktisk byrja på og avslutta opptil fleire strikkeprosjekt, synest det er kjekt å kunne henge fingrane i noko på kveldstid når ein uansett sit å glana på Mad Men, True Blood, Eureka eller heilt vanleg fjernsyn.
Her har eg strikka ei Pinwheel / Møllehjulsjakke til Johanna, denne jakka har fått kallenamnet 'toturjakka', for Johanna NEKTA å ha den på seg. Heldigvis har ho endra syn på dette etterkvart, til min sin store glede!
Også har eg strikka ei bukse til nestepjokk, strikka i str 6mnd så den skal vere passeleg til vinterstid. No er det berre å krysse fingrane for at eg blir ferdig med neste prosjekt, som har tidsfrist 17. mai. Wish me luck!



4 kommentarer:
Good luck!!! :) Så kjempeflink du e!!!! :)
Går det an å komme med ønskeliste kanskje??? ;)
Ja, Kathrine...also no er det ingenting som kan stoppe meg!! HIHI! Berre å komme med ynskjeliste, kanskje noko blir ferdig til jul..?
Wow! Hege, du er jo et strikketalent!! Trodde ikke du hadde ro i rumpa til slikt. Du er jo litt i slekt med mora di og da sitter du ikke mye i sofaen!
Legg inn en kommentar