Torsdag byrja det med feber, 40 i feber torsdags kveld. Slik heldt det seg heile fredag og, fram til natt til laurdag då fekk Johanna spysykja i tillegg. Så fortsette vi med sofasløving og 39-40 i feber , det var ingen matlyst å spore, men heldigvis hadde ho eit godt inntak av drikke. Søndagen kom diare i tillegg til feber. Då fekk vi legetime, han sa at dette var vanleg influensa. Måndags morgon hadde Johanna fortsatt 40 i feber, ny legetime med ny doktor. Og jaggu det var det ikkje øyreverk slik som eg først trudde. Så no er det pencilinkur og stor ståhei her i heimen! Johanna er på bedringens vei, og det er ikkje noko som er betre enn det!
Har du forresten lyst på noko godt til middag? Mariner scampi i heimelaga marinade med masse kvitlauk over natta. Kok pasta, bland pastaen med pesto. Steik scampi og asparges, bland dette med pastaen. Strø over med cherrytomatar og eit lite dryss parmesan. Server med brød, nam NAM! Som de ser likte Johanna dette og.


1 kommentar:
Lika bildene :)
Legg inn en kommentar