Idag har det vore ein skikkeleg opp og ned dag for Johanna. Vi starta inatt med å ha ei elendig natts søvn sia ho vakna kvar halvtime og ga beskjed om at eit eller anna var ikkje slik som det skulle, ikkje heilt enkelt å vite med disse små dette. Morgonen kom,vi sto opp og formen var fin, heilt til vi hadde fått i oss frukosten. Då tok ho seg til øyra og var suttrete, sjølv med to smokkar, barne- tv og kosebamsen. Jaja, øyreverk tenkte eg då og bestilte legetime.
Så etter ein times blund på sofaen, vakna ho opp med ny ubrukt energi. Og det til tusan, skratta og lo, ut og hoppe i søylene, pøre på bestemuttra, 'eg kjem og taaaar deeeg'- leik, og avbestilt legetime men då var det også slutt. Til kvelden kom feberen i tillegg, så det var godt å sovne på magen med søster eller bror som haudepute. Kanskje det var øyreverk alikavel då? Eller er det berre feber og nye tenner på gong? Eg reknar med natta stiller med svar på dei spørsmåla.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar