laurdag 2. april 2011

Gårsdagens gode gjerning



På jobb har vi vinlotteri kvar fredag, og eg er lotteri/bingo/basargal så eg tar no lodd sjølvom eg er gravid og veldig lite i vinkosmodus for tida. Sikker på at både eg og babyen får eit lite gledeskick av å vinne på fredagane. Men igår var kantineansvarleg på liten ferietur så eg hadde fått ansvaret for kantina, eg tenkte at det heldt med å steike lappar og koke egg til dei svoltne, men neida, dei skulle ha vinlotteri og...Så eg tok likegodt dei to vinflaskene eg fortsatt ikkje hadde sosa med meg heim frå jobb enda og lodda dei ut! Først meinte eg på at pengane vi fekk inn skulle gå i min eigen lomme, men eg forsto etterkvart at eg ikkje kunne vere så grisk. Pengane skulle dermed gå til Japan, sidan vi no er ein del av Japan Photo så følte vi på ein måte at det gjekk tilbake til firmaet vårt. Medarbeidarane mine såg med skepsis på meg, men neida- eg heldt mitt ord. Heile 150kr fekk vi inn på givarkalaset og dei er no trygt i lommane på Røde Kors, til hjelp for tsunamiofra i Japan. Alle monner drar, får enn vel sei.




 

2 kommentarer:

Hege sa...

Flott gjort, Hege!! Nå gleder vi oss veldig til å treffe dere alle i påskeferien!! Det blir garantert kjekt!!

Hege sa...

Kanskje vi må lage et lite lotteri! Hadde vært kjekt for ungene det (ihvertfall de som vinner..)HA,HA!!! Jeg er i gang med å lage en liten natursti med oppdrag og diverse annet stæsj! Må jo lage litt liv i leiren... Du og Jan Egil er jo kreative så dere få rfinne på noe sprell dere også. vi sa til mora di at hun måtte ta med hesteskoene.