måndag 2. mai 2011

Påska 2011



Årets påske vart tilbrakt på Bryggja, nærmare bestemt Nore Fjordsenter Camping. Jan Egil kom heim frå jobb på torsdags kvelden og tidleg på langfredag stakk vi avgårde på campingtur. Ein liten bursdagsfrukoststopp hadde vi på Hestenesøyra med svigers, Jan Egil hadde næmleg gjebuss på denne strålandes påskedagen. Når vi kom fram til campingen hadde resten av slekta, mor og far + 3 brør med familie installert seg med campingvogner. Så heile taterslekta var samla til leik og moro!




Og leik og moro vart det, svigerinne Hege og Susann + bror Trond hadde laga til så heile familien skulle vere med på 10 kamp, der alle øvelsane som var med skulle vere dårleg kne, dårleg fot og gravid vennleg. Pil og boge, pilkast på ballong, bowling, lengdegjetting, tyngdegjetting, papirflykasting og rockering var nokre av øvelsane. Rockering er jo KJEMPEvanskeleg og vi fann fort ut at reglane måtte tøyast til at halsrocking var lov.




Sprek besta, knea er dårlege men halsen like god.



Rockering på tur med Jan Egil.



Johanna kosa seg på hytta, heilt til ho skulle legge seg. Det ville ho rett og slett ikkje, og når ho omsider var sovna så sov ho skikkeleg uroleg. Når vi kom heim på søndagen sov ho frå kl 1900  til 1030 på måndags føremiddag (!), så det var nukk godt å komme heim til si eiga seng.


På laurdagen slo vi oss med bror Trond med familie og for på utflukt til Kannesteinen. Fin stein, anbefalast!



Jan Egil viser her sine kunstneriske evner og tok eit unikt og utradisjonelt bilde av Kannesteinen, sjelden enn ser den i frå denne sida. Men no har vi also gjordt det.



På kveldane roa vi ned med grilling, guiz og påskeegg. Finfin påske med strålandes veir og kos ilag med familien. Hadde det ikkje vore kjekt om vi kunne tatt ei samling på Øvregaard Camping neste år??

4 kommentarer:

Andreas E sa...

Kannesteinen, er det ikkje den som skulle få ein akevitt dedikert til seg?

Siv Anita sa...

Åh, dette såg jammen ut som ei herlig påske! :D

Hege sa...

Det var helt klart en flott påsketur! Utrolig kjekt å treffes alle sammen. Jeg hadde samme "problem" som dere med minstemann. Han har aldri vært glad i å legge seg, har en alvorlig form for lakenskrekk. Gleder meg til den dagen han legger seg av egen fri vilje og sover hele natten i sin egen seng. Da kan jeg også være sosial etter klokka 20.00 om kvelden. Tror du det blir ok å campe i påska neste år da? Er ikke påska mye tidligere da?

Felulah sa...

Andreas: Stemmer det, vi har jo eit godt bildeforslag til etiketten!

Hege: Eg trur de har det litt meir travelt enn kva vi har med dinna lakenskrekken, men det må jo ta slutt ei vakker natt vel? Skal iallefall bli kjekt å sjå litt til deg etter kl 20.00 også! Johanna søve i det minste godt her heime, må berre lære ho opp til at det er ekstra kjekt å sove på campingtur.
Det blir muligens litt tidleg med påsketreff på Øyra i 2012, men 2013..DÅ blir det Hestenesøyra!