Denne jula har vore spesielt travel på Reedsvingen, so travel at vi endå ikkje hadde baka løfse. Løfse er veldig viktig for oss sidan vi brukar det både til fisk og ribbe. Så idag gjekk eg tidleg frå jobb, og fekk baka to knøde med løfse. Eg trur alle såg ut som verdenskart med samtlige innsjøar i verden, men smaken - den var som den skulle vere!
Johanna var fortsatt i barnehagen når eg var heime å baka. Trur ikkje det hadde vorte så mange løfsene visst ho var heime med meg, då hadde det iallefall minka på rosinene i rosinboksen for å sei det slik. Sende ei helsing til papsen for å vise at ho har fått 'slåbrokgenet' til han.



2 kommentarer:
Vi har heller ikke bakt lefse. Det er en trøst at det aldri er for sent... Vi bruker det jo ikke til ribbe og fisk men det er snydens godt med påsmurt lefse til kaffen!!
Godt å sjå ho har fått det genet. Ho trenge kanskje nåken tøfle til jul då. =)
Legg inn en kommentar