
Førjulstida er den desidert mest travle tida for meg med den jobben eg har. På jobb om morgonen, hente Johanna i barnehagen på ettermiddagen, middag, og kose/leike/lese og "Timmy" tid med Johanna. Før ho er lalleklar og eg er klar for kveldsjobbing. Iår klaffa det slik at Jan Egil var inni i ei fase med hjelp frå elektikar og rørleggar på Øvregaard, så vi hadde begge hektiske dagar.
Difor skal det no bli ekstra kjekt med nokre dagar julefri - då skal eg kose mykje på velkjejenta. Einaste som legg ein dempar på stemninga er at papen er offshore så eg skal nok gje ho nokre kosar frå han også.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar