fredag 24. desember 2010

O spanande jul.


 Etter eit fint besøk hjå svigermor og svigerfar på Kringsjå, kom vi heim til ferdigpynta tre og julestemning på Reedsvingen. Vi var kome i mål iår også, og juleroen senka seg etterkvart i storestova.


Men idag, på den store dagen vart det nukk litt for spennande for Thea. I verste stresset før alle skal avgårde til kyrkja og alle skal inn på den eine doen i huset og fli seg så skapte døra seg vrang! Bjørn og Thea ville ut, men låsen ville ikkje opp. So fattern måtte til å sage eit hol og få røska ut låsen. Dette vart litt vel dramatisk for Thea, der ho såg julepakkane forsvinne i det fjerne. Trøstinga til faren der han sa at dette ville bli skikkeleg løje å fortelle om i barnehagen hjalp heller ikkje. Men no har dei kome seg avgårde heile gjengen. Johanna sov seg gjennom både saging og banking so vi ser heller på Disney no.
GOD JUL alle saman!

3 kommentarer:

Ravnestad sa...

Hmmm... jeg er fremdeles overrasket over at du feirer jul! Så du tror på Jesus/Gud altså?? Jaja, jul er en herlig tid uansett!

Unknown sa...

Hmm, eg synst det var en litt kjapp slutning å dra. Jula er i så sterk grad sekularisert over åra at det blir drøyt å karakterisere det som ei rein religiøs tilstelning. Først og fremst er det vel ei tid for å dyrke familie og venner, imo.

Anonym sa...

Hahahah, det ekje første gong at nåken har låst seg inne på badet hos familien Ravnestad. "Jaja, vi har no vatn".

Anita