
Igjen må eg sei at det er ein strålandes start på september månad vi har fått! Dette må vi utnytte so godt vi kan, so eg fekk masa til meg ein tur med Linda. Turen skulle gå til Dunheia, som de ser på bildet over her.

Og deretter skulle vi toppe Blånibba som de ser i himmelsjå her. Vi starta med å tusle opp til Helkjastøylen, herifrå hadde vi fått beskjed om å finne ei rås som skulle ta oss over tregrensa. Vi har ikkje funne ei einaste rås i heile dag, men vi kom no opp uansett.

Her har vi toppa Dunheia, Linda tar seg ein strekk og gledar seg til ein liten rast. I bakgrunnen ser de Blånibba, det ser ut som den toppen er lavare enn Dunheia. Dette stemmer ikkje, det er så langt bort dit at jordkrumminga spelar sine puss med bildet...

Rast nummer 2; Blånibba. Sit å nyt den flotte utsikta mot Ryssdalshornet, Skjorta og Bøafjellet. Alldeles nydeleg tur!
So må vi sende ei helsing til supertremenningen Marie i Årdal som heldt ablegøyer med Johanna idag, ho gleda seg til de kjem på besøk igjen. Då skal eg passe på å vere heime og!
3 kommentarer:
Ikkje verst. Eg e imponerte. Klar for blåfjell no!
Vel og bra, men kor tid kjem der reportasje frå t.d. Eikeneshesten eller evnt. andre Øyra-relaterte turmål?????
Til anonym; no kan du fråtse i bilder frå Øyra! Mange bilder!
Legg inn en kommentar