fredag 3. september 2010

Restart




Tida fyk, no er sumaren over, nysnø, hålke og mørke dagar er rett rundt hjørnet. Men før det har vi ein fin haust i møte, og med det veiret vi har no så måtte Johanna og eg utnytte fridagen vår til fulle. Vi tok oss like godt ein tur på Støyvastøylen. Der rasta vi med skive, appelsin og mariekjeks før eg tusla heimover med ei sovande jente i meisen.



Ellers er kvardagen tilbake, jobb for meg og barnehage for Johanna. Der likar ho seg godt, eg har såvidt komt inn døra før ho hive opp handa og seie "EI!!!" og slenge seg rundt halsen på dei ansatte. Mykje skryt får ho og, blid og glad heile dagen, er flink å ete sjølv og søve godt! Jamment er det fint!

Ingen kommentarer: