
Dette blir ei rabiat bildeoppdatering frå fjellturen til Jan Egil og meg igår. Eikeneshesten med sine 1093 moh var målet vårt, og det var ein fantastisk fin tur. Her er vi på veg oppover, bratt og fælt og fin utsikt til Skjerdalen.


Hyeneshesten med sine 1255 moh ruvar på andre sida av fjorden. Opp hit må vi ein gong og!

Her er vi oppe, Jan Egil tar seg ein rast med god niste frå bakaren. Gjegnen i bakrunnen.

Her ser vi ryggen til Eikeneshesten som endar opp på Øvregaard, der nede skal vi bygge og bu!

Fagre Hyen.




Til slutt måtte vi sjå oss heimatte, Storevatnet og Velkjevatnet som ligg ved Hestenesstøylen er det du ser i bakgrunnen.

Råsa var godt merkt av Bjørn Kåre & Co.

Trøtt og sleta, her fann eg ut at eg måtte melde meg av spinninga eg hadde booka for kvelden.

Vi kom heim til ei fornøgd Johanna og nokre blide besteforeldre som serverte ein velsmakande fiskegrateng. Det kallar vi luksus!
1 kommentar:
Ditta var vel ein kjempetur? Og så masse nydelege bilde - berre synd at Papen nektar å sjå på dei med mindre dei kjem i papirformat!
Legg inn en kommentar