Ifrå Hestenesøyra ser vi over til Lote og opp på eit fjell med eit markant antennetårn på. Dette fjellet heiter Høgefjellet, men for Siv Karin har det vore "Antennefjellet". Eit fjell ho lenge har drømt om å bestige, noko som aldri har latt seg gjere.
Idag heiv vi oss rundt å rakk ei ferje over til Lote, deretter køyrde vi opp til Lotsstøylen og tusla avgårde til Antennefjellet. Vegen var bratt og sola var steikande, difor var det svært forfriskande å ta årets første utebad i Trollevatnet. (Her er det berre å komme med rosande kommentarar på kor tøffe og FOR nokon friskusar vi er!)
På bildet ovanfor ser de Siv Karin som er så glad for å bestige Antennefjellet, at ho måtte klemme antenna.
Og som ikkje det var nukk, for ei nydeleg utsikt det var der oppe. Her kunne vi sitte med matpakken å nyte det vakre skuet mot Hestenesøyra, Hyefjorden, Gloppen...
Vidare såg vi Ålfoten, Eid, Eidsfjorden...
Hornindalsvatnet på andre sida pluss alle dei nutar og tindar bak og over der igjen.
Fin tur, anbefalast!
.jpg)
-3.jpg)
-2.jpg)
-6.jpg)
-5.jpg)
3 kommentarer:
Så flink og sprek du er om dagen, Hege! Men du får ikkje mykje skryt for at du er ein friskuss, eg har allereie trossa "høstveiret" og bada tre gonger i år:P
Har dokke verkeleg bada i iskaldt fjellvatn??!! Steike det for noken hardhausa dokke e!!!
Imponerande!!!Sikkert atskilleg friskare enn Langenesvika.....
Legg inn en kommentar