fredag 23. juli 2010

Haugsvarden




Vi køyrde nesten opp til Tystadstøylen, parkerte bilane og gjekk dei siste hundre meterane til Tystadstøylen. Då tenkte ungane at dette var no ein fin fjelltur og forlangte nistepakken sin.



Men den gong ei, vi skulle nukk gå litt lengre, forbi Lomsvatnet og opp til Haugvarden. Ein fin tur der vi vart belønna med vakker utsikt når vi kom på toppen. På øvste bildet ser du Hyeneshesten som ruvar over Kviteneset, Anda i midten av bildet og Lote til høgre.



Og soklart, når en har gått langt og lengre enn langt - då smakar nista ekstra godt!

1 kommentar:

Jan Egil sa...

Huh, tykje Johanna e blitt mykje større, endå eg berre har vore vekke ei veke =)