laurdag 7. august 2010

Sang og latter i sykekolonien



Her heime er vaksnefølket heilt uslått etter helgas strabasiøse bryllaup, der Jan Egil var fotograf og eg forlovar. Brurefolket tok ikkje kveld før i 5 tida om morgonen, sia vi ikkje er vande med å feste til morgonkvisten lengre så er no kjolen og oppsett hår skifta ut med svett pysjbukse og sår nase.



Johanna og er angrepa av feber, hoste og augebetendelse. Men humøret er på topp uansett, skjønna ikkje kor ho får det ifrå, foreldra er ikkje i same godlune akkurat. På bildet over blir Isa kamba av Johanna, dette finn ho seg i...berre ho får ein gobit i ny og ne :)



Ikkje noko problem å vere sjuk, har like god matlyst alikavel! Er så flink å ete at det er like før vi et med føtene og...

2 kommentarer:

Siv Anita sa...

Haha, ikkje verst å ete med føtene :D

Anonym sa...

Vel, jfr. tidlegare bilete, der papen driv med munnmaling, så ligg der kanskje noko i genene!