måndag 28. desember 2009

Julafta



Julafta iår for oss var med mor og far min på Reedsvingen. Johanna fekk på seg finstasen og stilte villig opp på bilde med far sin, likskapen er slåande.



Vi måtte og ha det tradisjonelle "baby betraktar julepønten" bilde. Her fortel besten ei skrøne om dådyret på treet.



Eg meinar at det blir ikkje jul før ein har gått rundt juletreet. Og då meinar eg helst gå rundt juletreet til fattern blir leide. Dette året fekk Johanna vere med i babybjørnsele på magen min, ho vart nukk litt oppspilt for vi fekk ho ikkje i seng før langt på kveld.



Mor mi fekk spa og lunsj på Alexandra Hotel med fattern. Ho vart so overraska at ho ikkje ville stille opp på bilde.



Jan Egil hadde vore med å laga bilde til kortet som mor mi fekk. Kanskje ikkje så rart at ho ikkje vil stille opp på bilde når ho ser kva dei blir brukt til seinare!



Paps fekk seg ny termodress, han vart hoppandes glad.



Johanna fekk smokk med onkel Bjørn.Den var iallefall eg ganske fornøgd med!
Julafta var ein særs velykka dag, vi fekk ete oss godt opp, songe litt, pakka litt og hadde en fin dag ilag som familie!

2 kommentarer:

Linda sa...

herlig!!

Hege sa...

Så dere feirer jesu fødsel altså...!? hmm...jaja, hva gjør man ikke for litt god mat og pakker!! he,he,he!!