måndag 4. januar 2010

Ferdig med det.

Då var det gjordt; peparkakehuset er knust, nyttårsforsetta er brotne, julepynten er rydda vekk, mandarinkassa har eg snart knekt i meg heilt åleine og Jan Egil er reist på jobb igjen. Jula og år 2009 er over for Frk. Felulah med familie.



Det er jamment det mykje å glede seg til i år tjueti, det blir berre meir og meir å glede seg til for kvart år synest eg. Ifjor fekk vi verdas finaste jente, i året som kjem skal ho berre bli enda finare. No i slutten av januar skal vi ha namnefesten til ho, då får vi håpe at pappaen har fyllt ut papira riktig og at der står Johanna og ikkje Baloo som han også kallar ho.



Vi kjøpte oss hus på Hestenesøyra ifjor men vi bur der ikkje heilt enda. Snart er vi ferdige med tilbygget, der skal Onkel Tore flytte inn i januar mnd....DÅ skal vi starte oppussinga på vårt eige hus. Vi gledar oss noko vanvittig, det går ikkje ein dag utan at Jan Egil og eg fabulerar om korleis ting skal bli pussa opp. Og det er jo absolutt noko å glede seg til, at vi skal bu i vårt eige hus. Endeleg har vi større plass og stue vekk alle tinga våra på!!



Nyttårsforsett er til for å brytast, men det kan no vere greit å lage nokon som du veit du ikkje kjem til å bryte. I året som kjem skal eg:

- Ete sjokolade
- Lese iallefall ei bok (Steinhuggeren, Camilla Läckberg)
- Gå på fjelltur/turar
- Flytte!
- Lære Johanna å seie 'mamma'
- Gje Jan Egil mykje kos og stell
- Lære meg sjøl sjakk
- Spele saksofon
- Kambe Isa
- På Iron Maiden konsert

GODT NYTTÅR FOLKENS!




3 kommentarer:

lè kari kanari sa...

kari nedrebø
fosswinckelsgate 18
5007 bergen

eg gleda meg!!!
og godt nyttår :)

Linda og Marie sa...

Godt nytt år til dykk! Marie tykte Johanna hadde fin kjole.....og at ho var søt med nye smukken..

Metallmøy sa...

Fantastisk, Hege! Og så mange fine bilete, de imponerer! :D