
Omsider, plutseleg gjekk dagane litt fortare enn kva eg hadde planlagt. Men no er pakkane pakka, huset er vaska, julekortbildet vart tatt idag tidleg og sendt med posten utpå ettemiddagen, i tillegg har vi fått trukke ein vinnar av konkurransen. Det var ein heil gjeng som hadde svart riktig, næmli at det var ein blomsterknopp, nærmare bestemt ein orkideknopp.

Vi hadde høgtidleg trekning, som de ser har vi innstalert oss med eit handstativ som vi kan bruke i slike høve. (Mamsen var så bustete på håret at ho ikkje ville vere med på bildet.)

Den heldige vinnaren er lè kari kanari , ho skal få seg ein fin boks med mykje snoperier i! Hurra for vinnaren!

No har julefreden senka seg, vi har fått i oss lutafisk og pynta juletreet. No gjenstår det berre å køyre rundt med litt pakkar, så skal eg lalle so eg er opplagt til 'Tre nøtter til Askepott' imorgon.
1 kommentar:
å jøje meg so gla eg vart no!!!
dette trur eg er første gongen eg har vunne noko i heile mitt liv.
tusen takk hege :)
dette var stas :)
Legg inn en kommentar