Når vi sto opp idag var Johanna spennklar for bursdag. Veldig klar for å få krune i barnehagen også skulle ho få ha med seg kake og spandere på resten av gjengen.
Når vi kom fram til barnehagen sprang ho fram til porten og ropte til ungane innanfor "Eg har bursdag idag! EG har BURSDAG idag!!!"
Dagen vart nukk bra, med spaghetti til middag, is og kake etterpå og fint middagsbesøk av Audhild. Othelia hadde vore avstad og handla vinger og tryllestav til systa og etter ei stund dukka naboane opp med ringar, heimelaga armband og prinsessefargeblyantar. Det var ei gla jente som la seg ikveld, den same jenta ligge no å synge "gratulere med dagen, gratulere med dagen" so eg høyre det på callingen...




3 kommentarer:
Kjempefin prinsesse!!!Mange klemmar frå Besta Breim!
Ser ut som ein super bursdag.....gratulera fra Marie
Herre min hatt, vi MÅ komme på besøk snart..!
Legg inn en kommentar