Kvart tredje år arrangerar Draupner familiebesøk for oss som jobba på riggen. Stor stas. Hege kom som de ser på lista.
Og ho kom seg på helikopteret.
Fornøgd med det tydlegvis.
Litt lettare forvirra i omkledningssalen.
Men bunaden kom på til slutt. Vi hadde fått oppgåve å finne klede til kvar våre respektive gjestar. Som ein sa, det einaste verre enn å legge fram ein dress som er for liten, er å legge fram ein som er for stor. Eg valde ein nett passeleg ein.
Med eit knippe suspekte gjestar og ansatte bar det ut på omvisning på riggane.
Og som de ser er eg sole fornøgd med visitas.
Hege og, trur eg. Her går det ei bru over til den andre plattforma. Dei er nummererte Draupner E og Draupner S, sidan dei ligg i henholdsvis nord og vest. Go figure.
So vi let oss like god forevige på E'en og.
Mat. God mat. Sjømat og styras.
Og folk som et. Deriblant eg og Hege.
Hm, so måtte eg finne på eitkvart so ikkje Hege skulle kjede seg. Fiske, jada.
Og Hege fiska.
Og får fisk, du hendelse.
På ein halvtime lugga ho like godt opp over dusinet sei.
Joda, greitt med godt fiske her ute. Aktiviteten tiltrakk seg smått oppmerksomhet og.
Men so var tida inne for å få på seg suiten igjen.
Og etter ei kjapp oppstilling
fekk vi teke eit klassisk klassebilete, komplett med snacksy pilotar.
Jadda, der for dei gitt.
Og eg stod og såg etter helikopteret i nokre timar til nokon kom og henta meg inn frå mørkret og kulda.
Menmen. Det var gjevt med besøk iallefall, og om ei vekes tid er eg heime att.





















6 kommentarer:
Ditta va bra! Eg ser nokså anstendig ut på bilda også. Eg vil gjerne tilbake!
Herleg reportasje!Flott bildeserie og ditto tekstar!Er det verkeleg heile 3 år til det vert familiegjenforening med mor di der ute? Haha!
Kjempebra,detta såg artig ut,eg og har løst ut og fiske!!
Haha, digg innlegg!
Prøver igjen; Dette var koseleg lesnad! :D
Legg inn en kommentar