Her går det i ett, har hatt ei stram veke no med begge småtrolla heime. Sånn er det når planleggingsdagar blir lagt til to av dei tre dagane Johanna er i barnehage. Innimellom all leikinga med kniv (som då mora oppdagar og fotograferer istaden for å irettesette!), knabbing av frukt på kjøkkenbenken og rømmingsforsøk ut mens eg sit å puppelera med Othelia, så har vi dog hatt nokre fine dagar.
Vi har fått baka Sitron og mandel biscotti opptil fleire gongar, Jan Egil og eg har fått feira 8 år saman som kjærestepaaar (dei 8 rosene i buketten visna før eg fekk tatt bilde...men dei to nellikane som representerte Johanna og Othelia står enda...dette synest Jan Egil var veldig fint og symbolsk- for en mann!) også har eg fått strikka pittepittelitt. Og ja! Othelia har vore på kontroll igjen, ingen lavkarbokur på gong her also, jenta vår er 64cm lang og 7620gram tung!


4 kommentarer:
7?
Haha, prøver du å skryte på deg, Hege? 7 eller 8, ikkje heilt sikker? :p
Uansett, eg forstår ikkje heilt det her biscotti-oppstyret. Kan ha noko med at eg ikkje likar italienerar, men det å sitje å dyppe noko i kaffien, som vidare resulterer i smular på botnslurken, det har eg ikkje heilt skjønt gleda med.. Gjer eg noko feil?!
Kremt, tida går so rasande fort med Jan Egil! 8år følest som 7!
Og ja, igrunnen er eg heilt enige med deg i at biscotti er oppskrytt, men ikkje dypp dei i kaffien...då er dei mykje beire!
He he, ho er så rund og god ho minste! Ikke sett henne på noe lavkarbo!
Legg inn en kommentar