torsdag 20. oktober 2011

Standard haust på vestlandet



Jan Egil stakk ein tur til Bergen igår på møte, han skulle komme heim med fly i 22-2230 tida.

Men so har det seg slik at vi bur på vestlandet, og igår hadde veirgudane bestemt at her skulle det hagle, sludde og snøve. Så flyet landa ikkje der det skulle. Derimot fekk han seg ein fin busstur frå Sogndal og heim, så han var heime i 1 tida. Som den gode fru eg er så sto eg såklart klar med kos, klem og middag når han kom heim. Ikkje det at eg pleie å vere så fyrige så seint på natta, men akkurat denne natta hadde Johanna tenkt å få akutt 'løpende nese' så vi måtte ha oss ein nattaprat på sofaen mens vi sat å såg på 'regnet' som Johanna meinte det var... også kalla snøven ute. Johanna vart tilslutt enige i at alle søve når det er natt og mørkt ute, og då kom Jan Egil valsande inn døra like etter at avtalen mellom meg og Johanna var i boks. Og han hadde med seg sushi!! No lagar vi jo smellande god sushi sjøl, men litt tiltru må vi jo ha til desse sushikokkane som har gått i sushilære i 7 år visstnukk. Dermed sat vi kl 0130 på natta å kosa oss med sushi, nam nam!


Ingen kommentarer: