I helga var det duka for Sandane- dagane. Vi var så lure at vi reiste tidleg ned, då var det både ledig parkeringsplass og god plass til å tumle ikring på tivoliet. Johanna ville ikkje oppi noko karusell men det å springe rundt og sjå på karusellane var stor stas!
Etter ballongkjøp, ein tur innom loppemarknaden og ein softisrast på bakaren var jenta+ foreldra godt fornøgde.
Etter mørkets frembrudd på laurdagen kom det to lukkelege fiskarar heimatt frå Breimsvatnet. Dei hadde dorga seg ein tur inn til Førs og kom heim med heile 79stk ørret, Det var kjekt å få fisk men det vart ei lang natt for svigerfar og mor mi som måtte renske fisk.
Uansett hardt arbeid, så kom dei seg i familiekalas for Johanna på søndagen.
Jubilanten vart feira med pølse, kaker, kaffi og bildeframsyning på Reedsvingen. Sopars må no det vere for ein toåring at ho blir feira to helge på rad!






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar