tysdag 23. august 2011

Til Sissel for å gjere seg Sushifeit...


Igår handla vi med oss salmalaks og wasabi og for deretter på tur til Førde for å få sushihjelp hjå Sissel. Ho sto klar med ferdigkokt ris, rogn, majones, crabsticks, tang, avocado, agurk og enda meir wasabi.



Så lærte ho oss å rulle ihop desse nydelige sushibitane her...



Då var det berre å sjå kven som hadde nukk kontroll over etereiskapen til å få i seg maten - Jan Egil greidde seg bra...



og jammen fekk eg i meg litt mat også!



Sushi er vel ikkje favoritten til Othelia heilt enda, ho sov seg igjennom heile kalaset. No skal vi trikse å mikse her heime å komme fram til nye smakfulle kombinasjonar, så blir det testing på Johanna!



2 kommentarer:

Andreas E sa...

Dette såg skummelt spennande ut.

Siv Anita sa...

Ja, Andreas - skal vi og prøve? Eg og vil lære meg det her.