fredag 12. august 2011

Johanna 2 år!


Snart - snart den 13 august, er Johanna Louise 2 år! Tida går så utruleg fort, følest ikkje så lenge sia ho låg heilt rykande fersk i armane mine. Dette lille nøstet har vokse opp til å bli eit bestemt og blidt lite bøllefrø.



Ho pratar, syng og forlangar heile dagane. 'OMM-OMM' ropar ho og bankar seg på bringa, dvs sei: Kom -kom. Og då er det for det meste berre å følge instruksane. Og gjer du noko ho ikkje vil så seie ho 'Ville ikke haaa det', som då er ei linje ho har plukka opp frå Mikkel Rev. Denne verselinja har blitt flittig brukt i det siste, til mors store frustrasjon. Men så kjem ho rett etterpå med dei gode klemmane, eller eit pørete påfunn og då smeltar eg heilt. Verdens beste gojente og omtenksomme storesyste- Er so gla i deg Johanna!



2 kommentarer:

Unknown sa...

Liker!

Ingunn Ravnestad sa...

Gratulere med dagen til bestaste Johanna fra alle oss i Florø!!! Etter det jeg kan skjønne er ho Johanna et soleklart lederemne :o)

Stor bursdagsklem fra Ingunn, Tony, Sondre og Mats