laurdag 13. august 2011

Bursdagsfeiring


Dette blir ein bildespesial til ære for pappaen som sit ut i Nordsjøen og lure på korleis dottra har hatt det på gjebussen sin. Vi starta dagen med sang på senga. Det var nukk ein litt ny opplevelse for jenta, som såg litt smågretten ut når 5 søskenbarn, besteforeldra og ei overivrig mamma kjem brølande inn på soverommet.



Deretter var det pakkeopning.



Mikke Mus brio togbane falt i smak. Og mens jubilanten testa ut toga, var søskenbarna behjelpelege med banebygging...



...som også vart testa ut.



Så bar det avgårde ut på tur, ned til naustet og vatnet, med pannekakerøre og badehandkle i sekken.



Jubilanten synest badetemperaturen var forfriskande.



Og pannekakene smakte nyyydeleg!



Etter eit lite bad var alle svoltne på kake. Så jubilanten var flink å blåste ut begge lysa - og søskenbarna kom fram til at ho hadde 4 kjærestar (eit reknestykke eg ikkje har skjønt heilt enda).




Så var det filmframsyning i kjellaren med Sauen Shaun. Ein travel men utruleg artig dag, kjekt å ha nesten alle søskenbarna på besøk når ein skal feire gjebuss!



1 kommentar:

Siv Anita sa...

Ein slik bursdag vil eg og ha! Klarar du å fikse det, Hege?