onsdag 6. juli 2011

Othelia


Othelia såg seg syne med å endeleg bli fødd mandags kvelden 20:34. Litt hektisk var det, vi var knapt komt innom dørene på sjukehuset før ho kom siglande. 19 minuttar etter vi kom inn, faktisk. Som de ser av bildet står det bra til med båre mod og barn. Hege ser faktisk uforskamma pigg ut til tider.


Og etter ein vellukka fødsel gjekk flagget til tops på Reedsvingen


på Kringsjå


og sanneleg på sjukehuset og.


Det vart seint, så eg fekk meg like godt ei seng og la meg til for natta på Eid sjølv og.


Etter ein god frukost


Fekk vi besøk av Rebestisar og syste


Johanna hadde med seg kosehund i fødselspresang til Othelia (som ho riktignok tok med seg når ho drog for trygg bevaring). Dei kom tydelegvis godt overens.


Og etter at ho hadde fått holde den nye veslesysta


var det tid for å prøve om ho kunne gå med dei same skoa.


Rebestisane såg og gilde ut for familietilskotet.


Så kom Øyrabesta, og ho såg ikkje mindre gild ut.


Det var det eg hadde for denne gong. Tenkjer at Hege kjememed noko meir utfyllande når dei kjem att frå sjukehuset i morgon.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Vi ønskjer vesle vene Othelia velkoma til verda, og heile familien hjarteleg tillukke! Vi er gilde, rørte og takksame besteforeldre på Kringsjå.

Siv Anita sa...

Gratulerer så mykje igjen! Eg synest Hege ser forbaska sprek ut til ha ploppa ut ein unge på over fire kilo men.. Dæven :D