Othelia kom då til verda 04.07.11, kl 20.34. Ho vog 4185gr og var heile 52cm lang. Eg hadde eit supert opphold på Eid Sjukehus, mykje kjekkare å vere andregongsfødande enn første. Føle ein har mykje meir kontroll denne gongen, sist turde jo eg nesten ikkje bevege meg ut av rommet på sjukehuset. Denne gongen hang eg på daglegstova heile tida, dei måtte nesten jage meg i seng på kveldane!
Johanna og Jan Egil kom å henta oss på torsdags dagen, då var alle sjekkar tatt og Othelia kunne skrivast ut av sjukehuset. Rart å sjå bak i barnesladrespeilet på bilen no, plutseleg har det blitt ein heil skog med mennesker der!
På Reedsvingen hadde mor og far invitert svigers og oss på heimkomstmiddag, og det vart duka opp med sosakjøt og ostekake i tillegg til Elise's Waleskringle...naaam nam!
Og såklart må ein ha eit familiebilde, det er ikkje berre enkelt. Skjønna at årets julekort kan by på vanskar, og enda har vi ikkje tatt med Isa i dette bildet...




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar