måndag 6. juni 2011

Litt trøtt?


Johanna har funne ut at det går an å ikkje legge seg, sjølvom foreldra til ho legg ho. Ein kan jo finne på så mykje anna når enn er lagde, prate med bamsane, ta av seg pysjen, ta av seg sokkane, telle til 9, kaste smokkane på golvet osv. Men ho pleie som regel å legge til rette til slutt, med dyna breia over seg og sove søtt. Igår fann Jan Egil ho slik, snakk om å vere trøtt men sta! Stakkars jenta... synest sikkert det var betre at vi la ho ned i senga.

Ingen kommentarer: