laurdag 4. juni 2011

Kvit kvitare kvitast!



Akkurat no er huset vårt på det mest trendy det kjem til å bli, no er det næmleg kvitfarge på alt. Og det er jo det som er mest in i blogglandia, eller i samtlige interiørblad ein lese om dagane. Eg må ærleg innrømme at eg faktisk blir litt frustrert når alt ein ser ikring er kvitt. Ein skulle jo tru at samtlige bloggdamer/menn eller bladforfattarar har ein hemmeleg draum om å bli tvangsflytta til ein institusjon der dei kan bli fastspent i seletøy og ligge å beundre alle dei kvite murveggane sine. Usj! Og kva er denne trenden med kvitmåla kjøkengolv? (eller golv i det heile tatt) Har folk so til di grader fritidsproblem at dei må berre ha eit golv som dei kan vaske heile tida? Ikkje kom å sei at kvitt skjule dritt. (PUH! Engasjert Hege...skal roe meg ned no.)




Ja, uansett! Jan Egil fekk heldigvis start på målingspumpa si så no er det leikande lett å spraye både tak/veggar/trapp og som ein liten bonus blir golvet og spraya. Her har han fått på grunninga, så må han sparkle alt av kvistar i takpanelet, før han pussar og målar det ein gong til. Veggane må vi og legge papir på før vi målar andre strøk, og deretter tredje strøk med ein farge. Vi går nukk for ein gråfarge i stova, overgangen/veggen frå stova til kjøkenet vårt kjem til å bli grøn. I gangen oppe blir det turkis tapet med kolibrifuglar på! Ahh! Det blir så skjønt atte! Synest iallefall eg...


2 kommentarer:

Linda sa...

eyy eg synge med på "problemet med kvitt golv" opplegget.. i den leiligheten eg leide sist var alle golva kvite.. PRØV å ha 3 ungar og kvitt golv... haha

ellers so er eg enig i at man må ha litt farge.. sjølv om eg er glad i kvitt eg og.. (innanfor rimelige grenser...)

Siv Anita sa...

Kva? Synest det var meget stilig med alt kvitt - mykje lettare og køyre på med shabby chic stilen og då! :D