måndag 8. februar 2010

Visitas



Her forleden dag fekk Johanna besøk av kavaleren sin Oscar, desse to pleier å vere stamgjestar i badebassenget på Skei. Men av forskjellige årsaker har ikkje det blitt noko bading i det siste, difor var det ekstra kjekt med eit besøk.



Det ser ut til at begge to vart litt forlegne sia dei studerar golvet så grundig, eller kanskje det berre var prikkane på teppet?



Ellers skjer det lite på 'morheimepåmammapermfronten'. Så eg får blogge litt om bragdene til Jan Egil, han er so og seie ferdig med kjøkenet på tilbygget vårt no, bilder kjem seinare. Og i tillegg så er han fortsatt fantastisk flink å fotografere, her ser de bilde av Breimsvatnet med Skjorta bakom frosttåka. Nuuudelig!

1 kommentar:

Siv Anita sa...

Heeerlig bilde Jan Egil har tatt der! Han er vilt dyktig:)