
I helga hadde vi namnefesten til Johanna, vi samla olde/besteforeldre, tanter, onklar og sykjenborna til kalas i skulehuset på Øyra. Jubilanten sjølv var i strålandes humør og var eit einaste stort smil heile dagen. Kanskje ikkje so rart sia ho digga masse oppmerksomhet.

Festen starta med litt for mykje spenning for min sin del, vi skulle duke opp med koldtbord til 27stk. Ein halvtime før festen starta var koldtbordet enda ikkje levert. Når vi tilslutt fekk tak i leverandøren hadde han forlagt bestillinga vår. Eg såg for meg pølse på bensinstasjon for heile gjengen, men heldigvis fekk vi levert nokon andre sitt koldtbord ein halvtime forsinka.

5 mnd og habil kakeskjerar? Ho var kanskje flinkare til å smake på den enn å skjere den opp men - øving gjer meister!

No når heile slekta var samla til feiring måtte vi ha familiebilder. Vi hadde stilt opp med bakgrunn, blitsar og fotograf, so då var det berre for heile gjengen å smile fint. Men det er ikkje berre - berre når 12 av 27stk er ungar.

På venstre flanke har vi 'She wolfen' Hege.

Dette var det bildet eg likte best, Jan Egil er iallefall flink å sjå i kameraet!
7 kommentarer:
Fordelen med den posituren der, er at da viser ikke dobbelhaka så godt; nøye planlagt...
Det siste bildet var jo bare helt KONGE. Der lo jeg godt gitt! Får vi noen av bildene sendt på e-post eller? Tusen tak for ei kjekk helg!!
Haha, dette ser ut til å ha vore ein fantastisk namnefest:D Flotte bilder!
Men eg lurer på.. kva skjedde med dei som skulle ha det koldtbordet dåke knabba?:p
Hege: Vi skal få sendt avgårde alle bilda til dåkke, så får de velge og vrake i kva de likar best!
Siv Anita og Tanja; Koldtbordmannen skulle levere koldtbordet vi fekk kl1800 på kvelden, vi fekk maten vår kl 1430..so eg rekna med at hanfekk tida å lage eit nytt. :)
Tusen takk for ei kjekke helg.
Bilda var heilt supre. Håpar at eg får sjå fleire.
Fantastisk originale bilete! Eg reknar med at det var Halvarg som var mannen bak kameraet? Uansett; den beste biletserien eg har sett frå namnefest/barnedåp ever. :D
Kjempe fine bilde! Må seie meg enig i at det siste bilde var ein full-treffer. Det var ei super helg, vi hadde det heilt topp. Det er bare å stå på, vi møter opp fleire ganger vi :)
Knallande bra bilde ! Likte sååå godt fargane ,skulle tru de hadde avtalt på førehand :))
Legg inn en kommentar