Vi får ta ei lita oppsummering frå påska 2013, som hittil er ei av dei bedre påskene eg har hatt. Etter det eg hugsar så overgår denne påska campingturar til Sjåksætra og samtlige Inferno- festivalar
Det var avtalt at Trond& Susann med familie skulle ta turen, så på Skjærtorsdags morgonen heiv vi oss rundt og rakk frukost i storestøva akkompagnert av Viggo Valles milde røyst i Påskelabyrinten (blir ikkje påske utan).
Vi har rusla tur, leika på leikeplassen, grilla i fjæra, steikt pannekake i hagen, vore på bingo på Hestenesøyra (der det møtte opp rundt 90stk! Ny rekord!)
Så viste det seg at broder Bjørn med familie tok turen til Reedsvingen også.
Så vi leika med geitene til naboen, stelte hønene til Breim Barnehage, spelte Ludo, var ute heile dagane i nydeleg solskin...

Kom inn på kveldane og hadde intens Quiz 2 kveldar på rad. Deretter fekk vi med Bjørn og Fattern på mimekonkurranse - noko som var ein virkeleg høgdar. Aldri sett for meg at eg skulle sjå fattern mime Elvis, brodern mime 'Møkaspreiar' eller muttra mime 'rånar'!

Tils slutt eit lite bilde av søskenbarngjengen. Takk for ei suuuper påske!












2 kommentarer:
Kjempetøff oppdatering,den likte eg!!
Dette såg ut til å vere stor stas :D
Legg inn en kommentar