Her hinn dagen så sendte vi avgårde ein leopard og ein rosa pusekatt til barnehagen.
Othelia hadde ikkje særleg store krav til antrekk, men Johanna hadde mange...
eller, ikkje så veldig mange krav men mange ynskje om kva ho kunne kle seg ut som det hadde ho. Eg nemner: havfrue, Pluto, Mikke, pusekatt, sommarfugl, sjørøvar osv. Det vart ein råååsa pusekatt til slutt, her må ein berre anta at resten av jentegjengen i barnehagen kjem som prinsesser. Så derfor rosa pusekatt. (No viser det seg i ettertid å vere ein unormal barnehage dette her,for det dukka opp både bier, elefantar, pippiar og rødhetter!)
Nemde eg at vi har fått oss ny sofa?




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar