fredag 1. februar 2013

Rhipsalis Cassutha




Ja, no skal eg skrive litt om den nye planten vår, og litt om kva eg og Johanna pratar om. Den er diger, den er grøn, den må dusjast når ein skal vatne den og Johanna har namngitt den.

Ho har vist litt interesse for denne planten, kanskje den er litt spesiell sidan den tar opp all plass i dusjen vår å sånn, men idag på veg heim frå barnehagen spurde ho om 'planten' var nede i stova igjen no. Ja sa eg, no er den ferdig vatna. Så snakka vi litt om alle fjella og eg spurde om ho ville vere med å gå opp på eit fjell ein dag. 'Nei- det er for bratt- eg kan dette ned frå fjellet'.


Så spurde ho om vi hadde fått oss ny sofa. Vi har solgt sofaen vår- dermed det stilfulle salgsbildet. Kjøparane heiv inn det eine budet etter det andre, og det utan at dei fekk med rosa på kjøpet. Så solgte vi denne brune klatten og kjøpte oss ny. Men den har ikkje vi fått henta enda, dermed 4 veker utan sofa og Johanna lure litt på kor den blir av.

Vi kom heim og ho sprang inn i stova, eg og Othelia tusla etter, så gjekk eg bort og godsnakka litt med planten.
'Kva heiter planten?' -spurde eg.
'Sigurd'
Kjem det ganske kjapt frå Johanna.
'Han er jente! Hahaha!!'
Eg trur det kan ha med det lange håret.




Slenge med eit bilde av denne fine jenta som er verdens beste.

Ingen kommentarer: