Denne sommaren baud ikkje på dei mest spektakulere planane om sydentur, fjelltur i Rondane eller campingtur til Sverige. Men ein liten tur til Bergen for å besøke brodern med familie greidde vi å kare oss avgårde på.
Og vi vart tatt vel imot, dog dei var litt snurte for vi ikkje hadde vore der på 2 år. Men etterkvart mjukna dei opp og gav oss både mat og seng.
Når vi uansett var i nærheten, tok vi oss ein tur på akvariet og SjødyrSHOW!!
Eg storkosa meg, og det trur eg resten av gjengen gjorde og. Men eg greidde ikkje heilt å slutte og tenke på naboane i høyblokkene attåt akvariumet, lure på om dei er like glad i 'Tang og tare' låta som meg??
Johanna fekk sjå krokodille. Så no skjønnar ho at brokkoli som ho til no har kalt for krokodille, ikkje er ei krokodille.
Sel...
og HAI!!!
Othelia kosa seg og, heilt til ho kom inn i dei mørke lokala, då sovna ho som ein stein.
Så etter ein liten 'svipptur' på IKEA og storhandel av ei sirkustelt, peparkakeformer og eit halvt garderobeskap tok vi turen heim.










2 kommentarer:
Kjempekjekt med oppdateringar!!Mykje koselege bilder og komentarer!!
Sjå der ja! Superkoselig. Digga sirkusteltet :D
Legg inn en kommentar