Endeleg fekk vi litt fineveir her på Vestlandet også! Då blir det liv rundt kvar ei nøv og alle trekke ut av husa sine og grilllukta sprer seg ikring ispedd litt jyll.
Johanna ser seg ut kva steik ho skal gnafle i seg, medan ho plukkar opp nokre grilltips med grillkongen Jan Egil! Berre vent til denne karen dukkar opp i ei Rema 1000 reklame, han må berre øve litt til på den amerikanske/norsk aksenten!
Othelia har ikkje prøvd seg på dissa kottisane enda. Søstra derimot, ho er så glad i grillmat at ho like godt tusla seg inn til naboane når dei grilla, og fekk full oppvartning der. Det er jenta si det!




2 kommentarer:
Gleda meg til å sjå J.E. i den rema-reklamen, den kan umulig bli nåke meir pinlig.
Det var no VOLDSOMT som du skulle blogge om dagen då! Eg likar det :)
Eg trur eg og Johanna kunne gått godt overens, eg er grillelskar nummer 1, og Andreas blir framleis like sjokka over kor mykje grillmat eg faktisk er i stand til å ete..
Legg inn en kommentar