Her har det då vore song, pakkar, fullt hus og stormande jubel dei siste helgene. For når dei eldste i huset fyller år så kan ein ikkje spare på noko...eller, vi sparte kanskje litt for mykje på kaka. Den kunne vore større ser det ut til.
Martine og mor hadde baka lappar til feringa mi, dei var knallgode. Og ikkje nukk med det, Jan Egil baka kake for fyste gong i sitt liv. Dette kan han gjerne gjere fleire gongar, men då må han muligens dobble oppskrifta!
Othelia fann ut at alle var så opptatt med kakeeting at ho like gjerne kunne knabbe til seg saftglaset til systra.





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar