fredag 13. april 2012

Hei Pappa!



Jaja, vi får legge inn litt kjipe bilder om påska og kvardagens utfoldelsar, Jan Egil har tatt med kameraet offshore så her er det HTC'en som må trå til. 




Påska gjekk med til at Johanna var sjuk. 3 dagar med høg feber så var det over.



Mens nokon var sjuke jobba andre på, Othelia drive på å tar ut av oppvaskmaskina.




Sandkasseleik er blitt ein hit, Othelia blir sur når eg tar ho opp.


Her om dagen hadde eg behov for eit hespetre og dermed tok eg turen til svigermor!
 Takk!



"Ååå! Det taaaar so laaang tid når du skal stelle Othelia, eg legge meg på badegolvet eg, her kan eg sove!!"



Baking, det kjekke er at Johanna ete berre deig, når bollane er ferdigsteikt har ho ikkje interesse av dei lenger. Othelia seier hei!



Og her ser de! Her har eg fått dei i sving, sånn skal det vere. Johanna steiker pannekaker og Othelia drive fortsatt på med dinna oppvaskmaskina. Og under her Jan Egil ser du kva fistellydnivå du må forberede deg på å komme heim til, ekstra stas er det når Johanna slenge seg med også! :)




3 kommentarer:

Unknown sa...

Tykte ikkje det var det slag kjipe bilde =)

Frk. Bogstad sa...

Kjempekosleg å lese om arbeidsgjengen din :)

Anonym sa...

Hei,
Bra du no har fått hjelp til oppvask og matlaging så du endelig kan konsentrere deg om bloggen. Liker News fra Øyra.

Klem tante Pella