torsdag 23. februar 2012

JA! Vi er her!


No var det på tide med eit livsteikn frå oss, folk var jo byrja å bli desperate på ei oppdatering frå oss her. Vi har jo igrunn aldri fått så mykje kommentarar på bloggen som når vi slutta å blogge og når folk byrja å true med å legge igjen kommentar kvar gong dei var innom så var det nesten som eg ikkje ville blogge meir!



Eltel er travelt oppatt om dagane så vi har ikkje fått internett på plass enda, noko vi derimot har fått er oppvaskmaskin! O'lykke!



Ellers kjem ting på plass sånn litt etter kvart, men vi tar dagane med ro også. Godt å få kose litt med Johanna Louise og Othelia Simone etter ein hard innspurt for å flytte inn.



Noko interiørbilde har vi ikkje fått tatt enda...



berre bilde av kokkelering og ungar som er i ekstase over fjernsyn på plass...



Ja også måtte jo vi ta eit sånn irriterande interiørbilde som under her - sånn; "Sjå kor fint lampe vi har fått over spisebordet"- bilde.



Men vi kjem sterkt tilbake, nettet er muligens på plass i mars. Juhuu!



1 kommentar:

Frk. Bogstad sa...

Velkoma tilbake :)
Eg har sakna dokke.
Fint og lyst kjøken de har laga.
Det e viktig å kose seg undervegs. Interiørbilda kjem nuk etterkvart ;)
Kanhende eg kjem ein tur til veka att, men eg lovar å ringe fyst ;)
Håpar de får ei koseleg helg ♥